• trude

Ragnhild Nordbø

Rundt 230 internasjonale- og nasjonale dommere skal bedømme mer enn 3500 oster fra hele verden. Vi har tatt en rask prat med noen av de norske dommerne.

Møt Ragnhild Nordbø som er oppvokst med ysting på setra og har jobba som vegleiar for gardsysteri sidan 2002.


- Hvordan er det å skulle være dommer i Oste-VM, en av de viktigste konkurranser for ost i verden?

- Eg har vore med som arrangør av Landsutstillinga og seinare NM for gardsost og hatt litt ulike rollar, men aldri vore med på VM før, så både arrangementet og alle ostane vi skal få smake på blir sikkert ei stor oppleving!


- Hva kan være verdien av at Oste-VM arrangeres i Norge?

- Det vil nok gje meir merksemd om og interesse for kvalitetsost blant folk flest. Vi har jo vorte vane med at dei norske ostane hevdar seg godt i VM. Denne gongen blir det fleir norske deltakarar enn det har vore før. Når dei norske ostane konkurrerer og viser at dei er i verdsklasse, er det ei anerkjenning av det arbeidet gardsostmiljøet har gjort i fellesskap, og ei oppmuntring til vidare utvikling. Som mjølke- og osteprodusent håpar eg dessutan at gode resultat vil gje norske osteprodusentar ekstra slagkraft mot billig, importert industriost som myndigheitene let fløyme over oss!


- Hvordan kan vi inspireres til å smake nye norske oster?

- Bruk osteloypa.no til å planlegge neste års sommarferietur. Reis til Bondens Marknad, eller bli med i Reko-ring for å møte produsentane. Les på nettet om folka, dyrehaldet og framstillinga av ostane; å få kjennskap til historia attom produktet er alltid motiverande for å smake på noko nytt.


- Hva er ditt beste osteminne?

- Vanskeleg spørsmål! Men etter Landsutstillinga for gardsost i 2007, skulle vi ha marknad, med resten av osten frå utstillinga og bedømminga. Eg hadde vore ansvarleg for mottak av ostane og halde styr på anonymisering til bedømminga og få dei på rett plass på utstillinga, og hadde rimeleg god oversikt over kva som befann seg der. Det var verkeleg skikkeleg stas å stå der og kjenne ostane, og kunne tilby noko for ein kvar smak. "- Likar du denne, vil du også like denne. - Var den litt for heftig, da må du kjenne på denne i staden." Og ei vekeleg god kjensle at ein var ein del av det laget som hadde skapt dette mangfaldet.


- Hva er ditt beste serveringstips til ost?

- Som osteteknolog synast eg det er mest interessant med minst mogleg stash attåt osten. Fint brød og smør og svart te for å renske munnen i mellom, på det nivået...

Viss osten er god trengst det ikkje noko attåt, sjølv om eit innkoka syltetøy, tørka frukt, nøtter eller ein vin utplukka av nokon som har peiling, ofte kan gje smaken ein ekstra dimensjon, og det er fint å variere med.

0 visninger
  • Facebook - White Circle
  • Instagram - White Circle

hanen.no Proudly created with Wix.com